Denne heimesida syner nokre av områda eg har arbeidd med som fotograf opp gjennom åra. Kunstfoto i svart-kvitt er kanskje det som står mitt fotohjarte nærast, og i den samanhengen brukar eg berre manuelle innstillingar ved komponering av motiva.

Eg er sjølvlærd fotograf, men har opparbeidd meg kompetanse som ivrig kursdeltakar og gjennom sjølvstudiar av foto som uttrykksform. For tida sit eg som leiar i Giske Fotoklubb, og har opp gjennom åra hatt gleda av å dyrke fotointeressen saman med andre. Eg har også i 2023 starta opp “Peik Studio Fotograf” i Kipervikgata 21 i Ålesund sentrum.

Der tilbyr eg fotografering av hund/kjæledyr/famile for dei som ynskjer kvalitetsfoto til print. Eg tar også oppdrag for bedrifter med fotografering av ansatte, til bruk på heimesider og sosiale medier.

Fotodokumentasjon av fugl og dyr til Artsdatabanken har eg også jobba mykje med i dei seinare åra.

Prosjekt som eg har vore bidragsytar til kan nemnast:

  • Boka “Vårt Giske Øyriket i havgapet”( 2020) 20 bilete

  • Utsmykking av Giske omsorgsenter(2019) 4 bilete

  • Reklamefoto for Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (2021) 140 bilete

  • Dokumentasjonsfoto til Artsdatabanken (2019-2022) 166 bilete

  • Eventfotografering for Giske idrettslag(2021) 37 bilete

  • Eventfotografering konsertar og dans

  • Bryllupsfotografering

Har di bedrift eller du som privatperson bruk for ein blid og omgjengelig fotograf til ein spesiell anledning? Eller ønskjer du å bestille nokre av dei publiserte bileta mine? Ta då gjerne kontakt ved å klikke på “kontakt” knappen her på heimesida. Pris for dei ulike bileta avheng av storleik og type printmateriale. For fotooppdrag gjeld egne satsar. Ta gjerne kontakt på mobil 909 45 271 eller e-post for avtale. Klikk på e-post ikonet her på sida mi. Hjartelig velkommen!!